Dejligt at være dansk på Sunnmøre
Frå lavlandet i Danmark reiste familien Cleemann til Ørskog i Møre og Romsdal for å oppleve norsk natur og kultur. Med eit skreddarsydd opplegg frå Offbeat Adventures fekk dei oppleve både fjell, fjordar og rein, rå, norsk naturkraft.
Casper Cleemann, kona Karoline og sonen Peter kjem frå København i Danmark. Den danske familien har feriert på Sunnmøre før, men ville gjerne oppleve nye og ukjende perler. Dei valgte å bli med Anniken i Offbeat Adventures, som kjenner til dei fleste kjende og ukjende naturperlene i området godt etter mange år som guide for turistar. Anniken bur på Sjøholt i Ørskog, ein idyllisk stad mellom Molde og Ålesund i Møre og Romsdal.
– I dag har vi vore på fjelltur her på Sunnmøre, nærare sagt her på Sjøholt. Vi sykla opp til Syltesætra, der vi drakk kaffe, hygget oss og fekk sett ein masse flotte haustfargar før vi dro vidare. Frå Syltesætra gjekk vi til fots opp til Jutevatnet der vi laga eit bål, kokte kaffe, kastet fiskesprett og koste oss.
Turen opp til Jutevatnet vart skreddarsydd til familien av Anniken Aakvik i Offbeat Adventures. Selskapet held til på Sjøholt, men arrangerar aktivitetar og turar rundt om på heile Sunnmøre.
Høyr Casper fortelle om turen med Offbeat Adventures på Sunnmøre.
Opplevingsturisme for alle
Offbeat Adventure driv med det som kalles "soft adventure". Det er ein form for opplevingssturisme som ikkje krev forkunnskapar om friluftsliv og som reknast for å innebere mindre risiko samanlikna med det som omtalast som "hard adventure".
– Turane våre er eit lavterskeltilbod der alle kan vere med, uavhengig av forkunnskapar og ferdigheitar innan friluftsliv, fortel Anniken.
– Det er utruleg flott å vere på tur med Anniken. Ho kjenner området godt, peiker ut andre ting enn dei du ville lest om i ei brosjyre, og kan fortelje historia til plassane du besøker. I tillegg er det fint å få oppleve folket som bur i området slik dei verkelig er, og gjennom ein dag med Anniken får du bli kjent med ein av dei fastbuande, meiner Cleemann.
Join the locals
Å bli kjent med lokalbefolkninga på stadane du besøker er også ein viktig del av filosofien bak Offbeat Adventures, som sjølv har navngitt konseptet "join the locals". Dei har som mål at turistane dei tek med seg på tur skal få oppleve korleis nordmenn nyttar seg av naturen rundt oss når vi har fri.
– I tillegg vil vi helst ta med gjestane våre litt utanfor allfarvei, til stader dei ikkje ellers ville ha besøkt og til stader der det ikkje er så mange andre turistar.
Tett på naturen
Gjengen i Offbeat Adventures har ulik kompetanse innan friluftsliv. Blant anna har selskapet ein egen matsankingsekspert, og har derfor fleire aktivitetar knytta til matsanking og matlaging på bål.
– I tillegg tek vi gjestane med på overnatting i telt på fjellet, på trugetur, sykkelturar, langrennstur, hundespannkjøring og mange andre aktivitetar der ein kjem tett på naturen.
Turistane som nyttar seg av tenestene som Offbeat Adventures tilbyr kjem frå heile verda, men felles for dei alle er at dei ønskjer å bruke tid i naturen på Sunnmøre, heller enn å skulle sjå og oppleve dei mest kjente landemerka og utkikkspunkta der alle dei andre turistane er. Dei er også ute etter å bli kjent med Norge gjennom Anniken og dei andre guidene.
Plukkar søppel og ryddar stiar
Offbeat Adventures er miljøfyrtårnsertifisert og legg vekt på at alle tilboda deira skal vere miljøvennlege.
- Vi lev av naturen, så vi er nøydd til å behandla den fint. I den samanheng har vi utvikla noko vi kaller Eco Adventures, seier Anniken.
Gjennom Eco Adventures tek Anniken og dei andre guidene med seg turistar for å plukke søppel, blant anna i fjæra. Slik får turistane mogelegheit til å gi noko tilbake til området dei besøker, særleg for dei som reiste langt for å kome hit. I tillegg er det spennande, meiner Anniken.
– Spesielt born syns dette er spennande, for når ein går rundt og plukker søppel så finn ein mykje rart. Det gir grobunn for mange gode samtalar om kvifor søppelet er her, og korleis det kom hit. Vi trur at gjestane tenker at dette er gøy å vere med på, samtidig som dei får ein god følelse av å ha vore med og bidrege til at naturen framleis skal vere ein fin stad å ferdast, seier Anniken.
I tillegg til søppelplukking driv Offbeat også med stirydding når dei er på tur.
– Norge gror igjen, spesielt der vi ferdast og tek med oss turistar. Så då tek vi med oss saks og klipper greiner og opnar opp igjen stiene, fortel ho.
Stor oppleving
For Casper og familien var det å besøke Norge og sunnmøre ein stor oppleving.
– Heile Sunnmøre er så fint, med alle fjordane, fjella og dei hyggelege folka som bur her. Naturen er så stille, men samstundes så upolert og storslått. Vi kjem tilbake. Det er fantastisk å være dansk i norge.