Mefjellet
Frå Valldal sentrum køyrer du vegen mot Tafjord gjennom den 1 km lange tunellen og held fram til Fjørå. Der tek du av og køyrer etter vegen som er skilta til Selboskar. Vegen slyngjer seg 4km bratt opp gjennom lia til den flatar ut på Hauge, knapt 400 m.o.h. Her finn du skilta parkeringsplass på høgre side.
Frå parkeringsplassen startar vandreturen. Følg vegen til fots ytterlegare 400 meter og ta så av til venstre og følg traktorvegen som går heilt til Nysetra (ca. 750 m.o.h) som du ser i himmelsjå. Undervegs, og frå setra, har du storslått utsikt tilbake mot Fjørå og Norddalsfjorden mot Linge og Eidsdal så vel som innover Tafjorden.
Frå setra held du fram etter skilta og merka sti mot Mefjellet. Stien går rett opp frå setra og følgjer den markerte ryggen heilt til toppvarden på Mefjellet (1100 mo.h.) Her blir du belønna med flott utsikt over Valldalen og fjella rundt.
Turen kan også utførast med mountain bike.
Om du ikkje vil gå heilt same ruta tilbake kan du følgje ryggen over Mefjellet ned på andre sida. Der vil du finne ein sti som fører deg tilbake til Nysetra. Frå Nysetra kan du også leggje turen tilbake til parkeringsplassen om Ruggå. Då tek du av frå trakotorvegen i den første svingen etter setra på veg ned. Der finn du ein skilta og merka sti til Ruggå. Tidsbruken er omlag den same.
Turen til Mefjellet er også ein fin skitur vinterstid.
For den som er på jakt etter meir ekstrem aktivitet, blir det årleg arrangert eit motbakkeløp til toppen av Mefjellet ("Mefjellet Opp") med start ved fjorden i Fjørå.
Møre & Romsdal / Fjord / Valldal
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Spektakulær fossevandring
Vil du prøve en unik og annerledes vandretur? Ta turen til verdensarv-bygda Geiranger og gå landets første nasjonale turiststi. Turen er lett og godt…
-
Bygdeperler på en snor
Hvis du vet hvor du skal lete, er ikke perlene vanskelige å finne. Den eventyrlystne kan finne både spennende grotter, perfekte surfebølger og…
-
Norgeskampanjen MRR 2020
Destinasjonsselskapene i fylket har gjennom Møre og Romsdal Reiseliv gjennomført en omfattende markedsføring mot norske turister i 2020. Her får du…
-
Norges råeste bilturer
Aursjøveien, Atlanterhavsveien, Trollstigen, Geiranger og Ørneveien, Norangsdalen og Runde. Det er fullt mulig å få med seg noen av Norges råeste…