Grimstadvatnet, Holesanden og Raudesanden badestrand
På Raudesanden blir vatnet raskt varmt, det er langgrunt og det er sand å leike med. Raudesanden er ei lita sandstrand i Grimstadvatnet og har fått namnet sitt etter den raudlege sanden. På land er det ei lita grasplen der ein kan slenge ut handduk eller piknikteppe.
Grimstadvatnet er eit naturreservat og i vestlege delar av vatnet er det ferdselsforbod frå 1. april til 31. juli. Det er ingen parkeringsplassar knytt til stranden. Nokre få bilar kan stå i ei ubrukt lomme langshovudvegen. Elles er det mogleg å parkere på parkeringsplassen der Hareidsmyrane krysser elva. Det tar om lag 15 minutt å gå herfra, langs frodige Hareidselva.
Holesanden ligg inst i Snipsøyrdalen ved Snipsøyrvatnet. Her er det fin badestrand. Vatnet blir ofte godt og varmt sommarstid, men stranda er fint å bruke i alle årstider. Det er gode parkeringsmoglegheiter. Ved stranda ligg også Holesandhytta som er eigd av Hareid KFUK/M. Her er det sommarkafé på søndagene gjennom sommaren. Det er bålgrue både ved stranda og ved Holesandhytta.
(Hareid.kommune.no)
Møre & Romsdal / Hareid / Hareid
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Sommer
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Spektakulær fossevandring
Vil du prøve en unik og annerledes vandretur? Ta turen til verdensarv-bygda Geiranger og gå landets første nasjonale turiststi. Turen er lett og godt…
-
Bygdeperler på en snor
Hvis du vet hvor du skal lete, er ikke perlene vanskelige å finne. Den eventyrlystne kan finne både spennende grotter, perfekte surfebølger og…
-
Norgeskampanjen MRR 2020
Destinasjonsselskapene i fylket har gjennom Møre og Romsdal Reiseliv gjennomført en omfattende markedsføring mot norske turister i 2020. Her får du…
-
Norges råeste bilturer
Aursjøveien, Atlanterhavsveien, Trollstigen, Geiranger og Ørneveien, Norangsdalen og Runde. Det er fullt mulig å få med seg noen av Norges råeste…