Tingvoll Økopark
Priser
- Familiebillett Familie 2 voksne og 2 barn
NOK 445,00 - Voksen
NOK 155,00 - Barn 5-15 år
NOK 95,00
Den gamle storlåven på garden 1800 m² er forvandla til eit moderne læringssenter. Utstillinga «Reisen i jorda» strekkjer seg over fleire etasjar, der du kan gå djupare og djupare ned i jorda – eller du kan starta i djupet og jobba deg oppover til epletreet på toppen. Her kan du oppdaga både fakta og finurlege økosystem på morosame måtar. I løpet av reisa kjem du til både Meitemarkteater, Liggjekino, Titteskapsbikube, Faktaspelet og mykje meir.
På toppen av låven vil det utover året dukka opp temautstillingar, og dei minste kan køyra traktor her på regnvêrsdagar. Innimellom vert det dessutan spela dokketeater her.
På uteområdet møter du ville kaninar og kosete grisar, søte lam og kaklete høns – og mange andre dyr. Du kan rusla langs bugnande bed og i den duftande Stjernehagen, nye leikeplassar og klatrepark.
Økokafeen Kafé Frau har ny kafémeny med økoblings, sommarens supper, bakst og økologisk iskrem. I den vesle butikken finn ein både økologiske og kortreiste varer.
På Sommarprogrammet finn du bl. a Økolab- aktivitetsveke for aldersgruppa 7-12 år, matinékonsertar på utvalde laurdagar, daglege omvisingar til faste tider, temadagar og mye meir.
Kafé og butikk i heile opningstida
Velkommen til Økoparken!
Møre & Romsdal / Tingvoll / Tingvoll
Bli bedre kjent med Møre og Romsdal — Vår
-
Barnas Møre og Romsdal
Bli med på en spennende oppdagelsesferd i Møre og Romsdal. Badeland, besøksgårder, klatring, fjelltur eller zipline – her er våre beste tips til…
-
Spektakulær fossevandring
Vil du prøve en unik og annerledes vandretur? Ta turen til verdensarv-bygda Geiranger og gå landets første nasjonale turiststi. Turen er lett og godt…
-
Bygdeperler på en snor
Hvis du vet hvor du skal lete, er ikke perlene vanskelige å finne. Den eventyrlystne kan finne både spennende grotter, perfekte surfebølger og…
-
Norgeskampanjen MRR 2020
Destinasjonsselskapene i fylket har gjennom Møre og Romsdal Reiseliv gjennomført en omfattende markedsføring mot norske turister i 2020. Her får du…
-
Norges råeste bilturer
Aursjøveien, Atlanterhavsveien, Trollstigen, Geiranger og Ørneveien, Norangsdalen og Runde. Det er fullt mulig å få med seg noen av Norges råeste…